Bruksvilkår

BLI ME' er ein lokal møteplass for å finne nokon å gjere noko saman med. Målet er ekte møte i verkelegheita – på ein trygg og hyggeleg måte.

For vaksne over 18 år

BLI ME' er i første omgang ein plattform for vaksne over 18 år. Når du lagar konto, stadfestar du at du er over 18. Aktivitetar for barn og ungdom skal gå gjennom føresette eller verifiserte lag, organisasjonar, skular og kommunen.

Vær hyggeleg

Alle er velkomne. Vis respekt, og hugs at nokon tek sitt aller første steg. Det treng ikkje vere så høgtideleg.

Dette er ikkje lov

Trakassering, upassande innhald, spam og falske profilar. Slikt kan rapporterast, og vi kan skjule aktivitetar eller deaktivere kontoar ved behov.

Møt trygt – ta vare på deg sjølv

Sosiale treff bør skje under trygge rammer. Nokre enkle råd:

  • Møt på ein offentleg og oversiktleg stad, særleg første gong.
  • Sei alltid frå til nokon du stolar på kvar du skal og når du er tilbake.
  • Del berre det du sjølv vil. Ikkje gje frå deg heimeadresse eller anna sensitiv informasjon.
  • Du kan når som helst forlate ein aktivitet eller blokkere nokon. Ring 112 ved akutt fare.

BLI ME' er ikkje eit sosialt medium og ikkje ei datingteneste – det er ein venleg invitasjon til å bli med.