BLI ME' Kvinnherad

Om BLI ME'

Finn nokon å gjere noko saman med.

BLI ME' er ein lokal møteplass for innbyggjarar i Kvinnherad. Målet er enkelt: å gjere det litt lettare å ta det første steget, møtast i verkelegheita og kanskje finne eit nytt fellesskap.

Dette er ikkje eit sosialt medium og ikkje ei datingteneste. Ingen likes, ingen følgjarar, ingen konkurranse. Berre ein venleg invitasjon til å bli med.

Suksess for oss er ikkje at du bruker appen lenge – det er at du fann nokon og gjekk ut og gjorde noko saman. 💚

BLI ME' er eit lokalt initiativ for Kvinnherad, utvikla og drive av Kviteberg AS (org.nr. 834 606 402), Røo 93, 5457 Høylandsbygd. Kontakt oss på hei@bli-me.no eller telefon +47 480 99 558.

Les visjonen vår →